Oppdatert 01.01.2022

Vilkår for leige av elbilar og deltaking ved programfesta turar. Med programfesta turar meiner vi alle aktivitetar med fastsette avgangar som er publiserte på nettsidene våre.

1. Stadfesting
Bestillinga er bindande når du har fått skriftleg stadfesting frå eMobility om mottatt betaling. eMobility er då ansvarleg for å levere produkta/aktivitetane du har bestilt, samtidig som du blir økonomisk ansvarleg for bestillinga. I det augeblikket du bestiller, bekreftar du samtidig at du har myndigheit til å akseptere bestillinga på vegner av deg sjølv og eventuelt reisefølgjet. Du aksepterer at du har ansvaret for innbetalinga for alle reisande i følgjet ditt, og at du sjølv er ansvarleg for å sjå til at reservasjonen er i samsvar med bestillinga. Du er òg ansvarleg for at alle i reisefølgjet ditt blir haldne fullt informerte om det som er bestilt, og om eventuelle endringar.

2. Avbestilling
I samsvar med vilkåra i punkt 1 får du ikkje refundert kostnadene dine dersom du avbestiller. Dersom eMobility AS må avbestille, blir heile kjøpesummen refundert.

3. Avbestillingsforsikring
Du kan kjøpe avbestillingsforsikring hos oss eller sørgje for at du har dekning for dette hos forsikringsselskapet ditt. Det kan kome godt med å forsikre seg mot uventa hendingar.

eMobility Geiranger tilbyr ei avbestillingsforsikring på NOK 100,– per booking.

Forsikringa du får kjøpt via eMobility, fungerer slik:

  • Ho dekkjer alle passasjerane som er førte opp i bestillinga.
  • Ho kan berre kjøpast på nettet når du bestiller billetten, og kan ikkje etterbestillast til ei allereie eksisterande bestilling.
  • Du kan berre avbestille heile bookinga inntil 48 timar før avgang. Avbestilling etter 48 timar før avgang gir ikkje grunnlag for refusjon av kjøpskostnadene. Det er ikkje mogleg å avbestille for enkeltpersonar eller gjere andre endringar i bookinga.
  • For å avbestille kjøpet og krevje refusjon må du sende ein e-post til post@emob.no. I denne e-posten må du skrive bookingnummeret og leggje ved den opphavlege billetten din. Så snart vi får denne e-posten/avbestillinga frå deg, refunderer vi pengane til kortet som blei brukt ved bestillinga. Denne prosessen kan ta mellom tre og fem dagar.
  • Du treng ikkje å gi nokon grunn til at du ønskjer å avbestille.
  • Vi kan ikkje refundere forsikringssummen på NOK 100,–.

4. Klager
Eventuelle klager knytte til leveransen frå eMobility må meldast skriftleg innan rimeleg tid. Alle klager blir behandla i tråd med dei avtalevilkåra som til kvar tid gjeld, og i tråd med norsk lovgiving.

5. Gjennomføring av aktivitetar
eMobility har rett til å endre aktivitetar og program ut frå vêrforholda. Alle program og aktivitetar kan bli endra eller kansellerte av omsyn til tryggleiken. Dersom vi må kansellere ein tur eller aktivitet, blir heile det innbetalte beløpet refundert. Deltakaren som har bestilt turen, blir i all hovudsak kontakta via e-postadressa som er brukt ved bestilling. Det er dermed viktig at deltakaren sjekkar e-posten sin jamleg for beskjedar.

6. Ansvar
eMobility er ansvarsforsikra gjennom forsikringsagenten sin og har forsikra køyretøyet, sjå likevel avsnitt 10.2. Kunden må sjølv sørgje for å ha eventuelle andre forsikringar, blant desse person- og reiseforsikring. eMobility kan ikkje haldast ansvarleg for tap og meirkostnader på grunn av forseinkingar som selskapet ikkje har kontroll over, som streik, ulykker, sjukdom eller andre forhold som fell inn under force majeure. eMobility er ikkje ansvarleg for verdiar som kunden har med seg, slik som vesker, briller, kamera/telefon, klede osv.

7. Kunden si plikt
Kunden er sjølv ansvarleg for å vurdere om han eller ho er fysisk og psykisk skikka til å delta på dei bestilte aktivitetane, og vedkomande må rette seg etter rettleiingane frå eMobility.

eMobility har rett til å nekte ein person å delta på ein aktivitet dersom deltakaren er ein trussel for tryggleiken, anten for seg sjølv eller for andre deltakarar, eller dersom vedkomande opptrer slik at han eller ho er til stor plage for dei andre deltakarane.

Deltakarar på aktivitetar som eMobility eller underleverandørar arrangerer, bekreftar med reservasjonen sin at det ikkje finst medisinske grunnar til å tvile på at dei kan delta på aktiviteten som er skildra. Deltakarane skal følgje instruksjonane frå personellet. I tilfelle der instruksjonane ikkje blir følgde, har personellet vårt eller personellet til underleverandøren løyve til å nekte deltakaren å vere med på turen vidare. I slike tilfelle har deltakaren ikkje rett til refusjon.

Dersom ein kunde etter eige ønske avbryt deltakinga si på ein aktivitet, har vedkomande ikkje krav på refusjon.

8. Bruk av personopplysningar
Vi behandlar personopplysningane dine knytte til leigeforholdet i samsvar med personvernerklæringa vår.

9. Tvistar
Eventuelle tvistar mellom kunden og eMobility ligg under norsk lov og med verneting ved den lokale domstolen der eMobility er lokalisert.

10. Vilkår for leige av køyretøy
Ved å bestille leige av køyretøy aksepterer leigetakaren desse leigevilkåra.

10.1 Leigeperiode

  1. Leigeperioden startar når du hentar køyretøyet, og sluttar når vi erkjenner at vi har fått tilbake køyretøyet og nøklane.
  2. Leigetakaren pliktar å levere tilbake bilen i same stand og med alt tilbehøyr og utstyr som køyretøyet var utstyrt med då leigeforholdet starta, til utleigestaden eller avtalt plass til rett tid.
  3. Ved retur pliktar leigetakaren å opplyse om alle skadar som har oppstått på køyretøyet i leigeperioden.
  4. Dersom leigetakaren ikkje held avtalt tid eller stad, kan utleigaren krevje kompensasjon for tidsbruken etter gjeldande timeprisar.
  5. Dersom køyretøyet og nøklane blir returnerte til utleigaren utanfor dei ordinære opningstidene til utleigestasjonen, blir returen rekna for gjennomført når utleigestasjonen opnar den første påfølgjande arbeidsdagen, med mindre anna er skriftleg avtalt mellom utleigaren og leigetakaren.
  6. Utleigaren har rett til å hente køyretøyet etter at den avtalte leigeperioden har gått ut, i dei tilfella då det ikkje blir levert tilbake i samsvar med vilkåra i avtalen, jf. tvangsfullbyrdingslova § 13-1. Leigetakaren må dekkje kostnadene knytt til dette.

10.2 Ansvar for køyretøyet

  1. Leigetakaren er ansvarleg for all bruk og skade som oppstår på køyretøyet i leigeperioden.
  2. Dersom ikkje anna er avtalt, er eigenandelen ved bruk av forsikringa NOK 6000,–. Dette gjeld òg hærverk og tjuveri.
  3. Dersom leigetakaren ved skadetilfelle har handla aktlaust, har brote leigevilkåra, vegtrafikklova eller anna norsk lov, kan han eller ho verte pålagd å betale ein større del av skaden enn den avtalte eigenandelen.
  4. Det vert berekna ein eigenandel per skadetilfelle.
  5. Ved forsettleg, grov aktløyse, grove brot på desse leigevilkåra, vegtrafikklova eller anna norsk lov har leigetakaren det fulle økonomiske ansvaret for skaden.
  6. Dersom leigetakaren er aktlaus og køyrer bilen tom for straum, kan han eller ho bli belasta for eventuelle kostnader i samband med henting og transport av køyretøyet. Dette gjeld til dømes dersom leigetakaren ikkje følgjer den merkte ruta på GPS, eller dersom han eller ho køyrer ei lengre rute enn det som står i leigeavtalen.
  7. eMobility har forsikra køyretøyet, men ved skade på bilen må kunden betale ein eigenandel på NOK 6000,–. eMobility tilbyr alle kundar å teikne ei eigenandelsforsikring på NOK 150,–. Forsikringa dekkjer i så fall eigenandelskravet ved skade på bilen. Leigetakarar som ikkje kjøper eigenandelsforsikring, må betale eigenandelen ved skade på NOK 6000,–.

10.3 Barn i bilen

Baksetet på bilen er ikkje eigna for barn under 15 kilo. Det er ikkje mogleg å montere eit barnesete på forsvarleg måte, derfor må eit barn som er passasjer i bilen, vere i stand til å sitje oppreist utan andre hjelpemiddel. Barn over 15 kilo bør sitje på barnepute, og barneputer kan lånast av eMobility.

10.4 Plikter under leigeforholdet

  1. Leigetakaren pliktar så langt det lèt seg gjere, å undersøkje køyretøyet og sjekke at alle skadar eller manglar på køyretøyet er noterte på leigeavtalen eller på eit vedlegg til han.
  2. Leigetakaren pliktar å gjere seg kjend med reglane som gjeld for leige av Renault Twizy, og med norske trafikkreglar generelt.
  3. Leigetakaren har ei særskild plikt til å vise fram førarkortet sitt. Leigetakaren har også plikt til å setje seg inn i kravet om gyldig førarkort, og til å kjenne dei norske reglane som gjeld for alkoholbruk/medisinbruk og ferdsel i trafikken.
  4. Utleigaren kan nekte leigetakaren å føre køyretøyet dersom vedkomande ikkje kan leggje fram eit gyldig norsk eller internasjonalt førarkort.
  5. Leigetakaren må behandle og bruke køyretøyet på ein forsvarleg måte, bruke køyretøyet i samsvar med norske lover, låse køyretøyet når det ikkje er i bruk, bruke køyretøyet på en lovleg måte og berre til avtalte formål.
  6. Berre den som utleigaren har godkjend som førar av bilen, får føre køyretøyet. Leigetakaren er ansvarleg for alle kostnader som blir pådratt ved at ein annan sjåfør bruker køyretøyet i strid med denne avtalen eller norsk lov.
  7. Leigetakaren må halde seg på offentleg veg og halde seg utanfor område som er stengde for alminneleg ferdsel.

10.5 Anna

  1. Leigetakaren må betale for alle parkeringsbøter eller trafikkbøter som blir pådratt i leigeperioden, og administrasjonskostnadene til utleigaren i samband med dette.
  2. Utleigaren har ingen ansvar for skade på eller tap av eigedelar som leigetakaren legg att eller oppbevarer i køyretøyet.
  3. Utleigaren har ingen ansvar overfor leigetakaren med omsyn til tap av tid, pengar eller anna som måtte oppstå av – eller ha samband med – leigeforholdet, utover det ansvaret som er gjort greie for ovanfor.