Spreke leigebilar
Det er trygt og enkelt å køyre dei spreke elbilane i eMobility-flåten.
Vi gir deg opplæringa du treng før du legg ut på tur.
Ingen CO2-utslepp, berre rein moro!
Renault Twizy
Bilflåten til eMobility disponerar ei rekkje spreke elbilar. Sjølv kallar Renault Twizyen for ein «urban tosetar», men han er som skapt for det ville fjellområdet her og gir store opplevingar på smale vegar og (nesten) utilgjengelege stader – som vi har mykje av i Geiranger. Kupéen gir deg vind i håret og friske nær-naturen-opplevingar, og med to sitjeplassar etter kvarandre er han perfekt for å dele naturinntrykka med ein god venn.
Bilen er 100 prosent elektrisk, med batteri som har kraft nok til å ta deg med på rutene vi har laga for deg. Han er lett å køyre og parkere, tek liten plass og er hundre prosent trygg, med trepunkts sikkerheitsbelte og airbag. I denne farkosten, som verken er bil eller motorsykkel, vil du garantert få ei annleis oppleving. Den spreke og einståande farkosten kjem seg også fram der store bilar og bussar ikkje får tilgang – det er verd eit smil, det òg!