Sporlaus ferdsel
eMobility tilbyr morosame opplevingar gjennom å leige ut små, rare elektriske køyretøy i Geiranger.
Vi fortel deg stort og smått om området vårt gjennom GPS-guiden i bilane – den nye måten å reise på!
Sporlaus ferdsel
Vernestatusen vi har fått av Unesco, gir oss eit særskilt ansvar for å ta vare på både smått og stort av livet i naturen i dette sårbare området. For eMobility er det viktig å vere med på å utvikle og inspirere til ein grønare og meir miljøvennleg turisme.
Kvart år kjem hundretusenvis av turistar til Geirangerfjord-området for å nyte naturen og oppleve verdsarven. Dei kjem hit i små og store bilar, bussar, motorsyklar og båtar. Dette set spor etter seg.
eMobility tek miljøansvaret på alvor og ønskjer å bidra til at Geirangerfjorden Verdsarvområde oppfyller visjonen om sporlaus ferdsel. Vi skal vere ein tydeleg partnar i Grøn Fjord-prosjektet «Eit reint meisterverk», og vi skal arbeide for ein grønare og meir omsorgsfull tankegang innanfor turistnæringa.
Når du vel å oppleve det populære turistmålet vårt med ein elektrisk farkost, er du med på utvikle ei grønare form for turisme som ikkje set spor etter seg i landskapet.
Og vi kan ha det moro på vegen mot eit grønare mål!