
Sikkerheit og forsikring
Det er enkelt og sorglaust å køyre el-bil. Dei er små, kvikke og kjem seg fram overalt – og vi set sjølvsagt sikkerheita i høgsetet.
Ver trygg på tur
I eMobility er vi opptekne av tryggleik. Prisane våre inkluderar ansvarsforsikring, førar- og passasjerforsikring, kaskoforsikring og miljøforsikring. Vi tilbyr og tilleggsforsikringer, som du kan lese meir om under «Vilkår for eMobility».
Twizyen er lett (450 kilo og vel 700 kg medrekna batteri) og du kjem deg trygt fram overalt der det er ein farbar veg. Den har airbag i førarsetet og trepunkts sikkerheitssele både i framsete og baksete. I baksetet er det plass til barnepute for barn over 15 kilo.
Du køyrer sjølvsagt varsamt med desse små el-bilane. Toppfart på dei svingete vegane i området kan du kanskje drøyme om, men det er ein viktig grunn til å ta det roleg: 100 prosent elektrisk vil seie hundre prosent stille. Det er ikkje sikkert at folk og dyr høyrer at du kjem, så det er du som må passe på!