Personvernerklæring
Denne personvernerklæringa gjer greie for korleis eMobility AS samlar inn og bruker personopplysningar.
Med personopplysningar meiner vi opplysningar og vurderingar som kan knytast til ein enkeltperson.
Behandling av personopplysningar
eMobility AS samlar inn og bruker personopplysningar om deg til ulike formål, avhengig av kven du er, og korleis vi kjem i kontakt med deg. Vi samlar inn følgjande personopplysningar til desse formåla:
Når vi svarer på spørsmål, anten via telefon eller skjemaet «Kontakt» på nettsidene våre: namn, telefonnummer, e-post og eventuelle andre personopplysningar som måtte følgje av dialogen.
Vi behandlar personopplysningane etter ei avveging av interesser, der omsynet til å svare på spørsmåla dine blir avgjerande.
Bestilling: namn, telefonnummer, e-post, førarkort og eventuelle andre personopplysningar som måtte følgje av dialogen. Dette er informasjon som er nødvendig for at vi skal kunne oppfylle avtalen vi har med deg.
Informasjon om ulykke, tap, tjuveri eller skade på køyretøyet under utleige eller annan mekanisk svikt: Vi hentar inn opplysningar om ei slik hending, inkludert rapporten din om hendinga og eventuelt rapportane frå politiet eller andre tredjepartar, detaljar om dei involverte, kva slags eventuelle personskadar og/eller skade på køyretøyet og tilleggsutstyr det er snakk om.
Desse opplysningane er nødvendige for at vi skal kunne oppfylle avtalen vår med deg og ta hand om dei legitime forretningsinteressene våre (for eksempel ved å rette opp kostnadene ved tap eller skade som køyretøyet har forårsaka). Opplysningane er også nødvendige for at vi skal kunne oppfylle eventuelle lovpålagde forpliktingar (for eksempel å varsle relevante myndigheiter) og etablere, utøve eller forsvare juridiske krav som oppstår som følgje av ei slik hending.
Informasjon om råkøyring, parkering, bompengar eller andre trafikkrelaterte bøter som du pådrar deg, eller andre trafikklovbrot du gjer under utleige, der vi får informasjonen av eit rettshandhevande organ. Vi bruker denne informasjonen til å ta hand om bøter eller anna misferd i samsvar med vilkåra i leigeavtalen du har med oss.
Vi nyttar informasjonskapslar (cookies) for å få informasjon om bruken av nettsidene våre. Vi behandlar personopplysningane ut frå ei avveging av interesser. Dette er nødvendig for at vi skal kunne tilpasse nettsida til brukarane våre. Vi tek likevel vare på personvernet ditt ved at vi berre bruker opplysningane til statistikk. Det er ikkje mogleg å identifisere deg som enkeltperson i denne statistikken.
Vi vil ikkje behandle personopplysningar som går utover dette, utan å hente inn samtykke frå deg først.
Lagringstid
Vi lagrar personopplysningane dine hos oss så lenge det er nødvendig for formålet som personopplysningane blei samla inn for. Dette betyr for eksempel at personopplysningar som vi behandlar etter samtykke frå deg, blir sletta dersom du trekkjer samtykket tilbake. Personopplysningar som vi behandlar for å oppfylle ein avtale med deg, blir sletta når avtalen er oppfylt og alle pliktene som følgjer av avtaleforholdet, er oppfylt.
Utlevering av personopplysningar til andre
Vi gir ikkje personopplysningane dine vidare til andre med mindre det ligg føre eit lovleg grunnlag for ei slik utlevering. Døme på eit slikt grunnlag er dersom vi har ein avtale med deg om det, eller dersom vi får lovpålegg om å gi frå oss personopplysningar.
eMobility AS bruker databehandlarar til å samle inn, lagre og behandle personopplysningar på våre vegner. Vi har vi inngått avtalar for å sikre at informasjonen er trygg i alle delar av behandlinga.
Rettar
Du har rett til å få innsyn i og rette eller slette personopplysningane vi har om deg. Du har vidare rett til å krevje avgrensa behandling, kome med innvendingar mot behandlinga og til å få utlevert opplysningane vi har om deg (rett til dataportabilitet).
For å ta i bruk rettane dine må du sende ein e-post til post@emob.no. Vi vil svare på e-posten så raskt som mogleg og seinast innan 30 dagar.
Klage
Dersom du meiner at måten vi behandlar personopplysningane på, ikkje stemmer med det vi har gjort greie for her, eller at vi på andre måtar bryt personvernlovgivinga, kan du klage til Datatilsynet.
Du finn informasjon om korleis du kontaktar Datatilsynet, på nettsidene til Datatilsynet: www.datatilsynet.no
Endringar
Dersom vi gjer endringar i tenestene våre eller det blir gjort endringar i regelverket om behandling av personopplysningar, kan vi måtte endre informasjonen du har fått her. Dersom vi har kontaktinformasjonen din, vil vi gjere deg merksam på desse forandringane. Oppdatert informasjon ligg elles alltid lett tilgjengeleg på nettstaden vår.
Kontaktinformasjon:
eMobility AS, ved dagleg leiar, har ansvaret for verksemda si behandling av personopplysningar.
E-post: post@emob.no
Telefon: 455 00 222
Adresse: eMobility AS, Gjørvahaugen 35, 6216 Geiranger