Fiskekaka
Geiranger
Er du i Geiranger og jaktar etter ein rask, smakfull og kortreist matbit med lange, norske tradisjonar?
På Fiskekakebuda får du servert nydelege steinbitkaker, handlaga på Sunnmøre. Dette er smaken som tek nordmenn tilbake til barndomen.
Prøv ein lokal favoritt du òg – vel bekomme!
Velsmakande kvalitet
Steinbitkakene har ein nydeleg smak og er laga av sunne og velsmakande råvarer av god kvalitet.
Likar du det raskt og enkelt, kan du få steinbitkaka servert som ho er i eit papir. Er du litt nyskjerrig og vil prøve noko annleis, kan vi legge ho i det nye og spennande naantabrødet. Er du sulten, anbefalar vi å supplere steinbitkaka med potetstappe, så får du eit godt og fullverdig måltid.
Kanskje skal du heim til familie eller vennar og vil la dei få ta del i smaksopplevinga? Kjøp med deg nokre ekstra, eller sikre deg ein hovudingrediens til dagens middag – valet er ditt!
Kontakt oss
Du finn oss i Geirangervegen 10, (inngang fra gågate i sentrum)
6216 Geiranger
Telefon 920 77 888
E-post fisk@emob.no