Bilen guidar deg
Brett saman kartet, legg bort guideboka og følg GPS-guiden i bilen. Vi har mykje å fortelje.
På tur med bilen som fortel
Å oppdage Geirangerfjordområdet i elbilane våre er som å fare på tur med ein venn som vil vise deg heimtraktene sine. Lokalguiden snakkar til deg gjennom GPS-systemet i bilen, kjem med små forteljingar, gode råd – og viser deg dei beste stadene å stoppe, akkurat slik ein god venn gjer.
Vi har førebudd turen for deg, for vi har mykje vi ønskjer å fortelje deg om det du ser. Du tek turen heilt i ditt eige tempo. Dei små forteljingane ventar på deg der du køyrer gjennom landskapet.
Vi har audio-guiding på norsk, engelsk, tysk, fransk, spansk og italiensk.