Velkomen til Geiranger – og velkomen til ein ny, grøn og morosam måte å oppleve området vårt på!
Du kan velje mellom mange ulike turar – du finn garantert ein som passar for deg.
Vi fortel deg mykje spennande gjennom GPS-guiden vår i bilen.

eTOUR Panorama View

eMobility-0435

Flydalsjuvet – Knuten – Vesterås

På denne turen skal du og det grøne smilet opp i høgda, du skal sitje på ein trone, kikke ned i juv, køyre gjennom ein knute og besøkje ein tradisjonsrik fjellgard. Turen byr på storslått utsyn – og kanskje litt innsikt også?

Start og stopp: Sentrum
Turen varer: 1 time
Pris: 800 kr

eTOUR Seven Sisters View

eMobility-1379

Ørnesvingen

Om du ikkje kjenner deg som ei ørn på denne turen, får du iallfall utsikt som ei! Du køyrer gjennom Geiranger sentrum, langs fjorden og opp Ørnevegen som slyngjer seg oppover til den vidgjetne Ørnesvingen. Der du får eit fabelaktig utsyn over fjorden, mot dei storslagne fossefalla 7 Systre og smålåtne fjellgardar.

Start og stopp: Sentrum
Turen varer: 1 time
Pris: 800 kr

eTOUR Geiranger Highlights

eMobility-459

Flydalsjuvet – Vesterås – Ørnesvingen

Du har lyst på ein skikkeleg dose av området vårt – og det får du på denne turen! Du får oppleve Geiranger frå to sider: først opp fjellsida mot aust, der du skal sitje på ei trone, kikke ned i juv, køyre gjennom ein knute og besøkje ein fjellgard. Deretter går turen ned att i bygda, langs fjorden og opp Ørnevegen, som slyngjer seg opp mot Ørnesvingen. Der får du eit fabelaktig utsyn over fjorden, mot storslåtte fossar og smålåtne fjellgardar.

Start og stopp: Sentrum
Turen varer: 2 timar
Pris: 1500 kr

eTOUR Glacier View

eMobility-0238

Flydalsjuvet – Djupvasshytta – Dalsnibba

Om du ikkje har skjønt det før, forstår du det på denne turen: Vi har berre to «himmelretningar» her i området, og det er opp og ned! Du får ein fabelaktig tur heilt til himmels over Geirangerområdet, forbi friske fossar, djupe juv, gamle jettegryter, setrar, isbrear, djupe vatn og fantastiske fjell. Du køyrer på historisk veg mot det historiske høgdepunktet: Dalsnibba.

Start og stopp: Sentrum
Turen varer: 3 timar
Pris: 1850 kr

eTOUR VIP

eMobility-0025

Med personleg guide

Ønskjer du og gruppa di ei annleis oppleving i lag? Bestill VIP-tur hos oss, og vi legg til rette for ei artig Twizy-oppleving med personleg guide. Kontakt oss for meir informasjon!