Sprek ferd i bakkane

Det er tre hovudstoppepunkt på panorama-turen vår. Først køyrer du vegen oppover mot fjellet i aust til Flydalsjuvet, der du kan sitje på trone og nyte utsikta mot fjorden – og mot svimlande djup. Vidare går ferda til Knuten, den vakre steinkonstruksjonen frå 1882 der vegen kryssar seg sjølv.

Etter dette køyrer du dei grøne bakkane oppover mot fjellgarden Vesterås, der du får ei praktfull utsikt over fjord og fjell. Kanskje har du tid til å sjå deg litt rundt på den tradisjonsrike garden? Sjølv ein kort rusletur i området gir deg inntrykk som varer lenge!

Start og stopp:
Sentrum

Turen varer:
1 time

Pris:
800 kr

Køyrerute for turen

På kartet ser du kvar ferda går. GPS-guiden vår i bilen fortel om dei avmerkte høgdepunkta på turen – men sjølvsagt også om mykje anna spennande.