Til himmels over Geiranger

Denne turen er juvelen blant turane våre, og blenkjer av rennande vatn, funklande is og skir fjelluft. På vegen mot det storslåtte målet Dalsnibba, 1500 meter over havet, «øver» du deg på høgdeopplevingar på Flydalsjuvet og får ei morosam kulturoppleving på vegkonstruksjonen frå 1882, Knuten, som kryssar seg sjølv.

Du køyrer gjennom kulturlandskapet og opp mot ville høgfjellet, forbi jettegryter og myldehus. På Djupvasshytta Hotel kan du kanskje unne deg ei kvild, nyte freden over Djupvatnet og utsynet til Blåfjellsbreen. Så er det klart for den siste vegbiten opp mot største attraksjonen vår, Dalsnibba, himmelen og taket over Geiranger. Gled deg til spektakulære Geiranger Skywalk!

Du har tre timar til disposisjon for denne fantastiske turen. Dersom du køyrer smart og økonomisk, slik at du har både tid og batterikraft til overs, rekk du kanskje å ta turen opp Ørnevegen før du leverer bilen tilbake. Vi lærer deg korleis du skal vere ein smart og ansvarleg sjåfør før du legg ut på tur. Ha ei god ferd til himmels!

Start og stopp:
Sentrum

Turen varer:
3 timar

Pris:
1850 kr

Køyrerute for turen

På kartet ser du kvar ferda går. GPS-guiden vår i bilen fortel om dei avmerkte høgdepunkta på turen – men sjølvsagt også om mykje anna spennande.