Luftig rundtur med utsikt

Denne turen tek deg med på ein rundtur innom fleire av dei mest spektakulære attraksjonane i området vårt. Først går vegen oppover mot fjellet i aust til Flydalsjuvet, der du kan sitje på trone og nyte utsikta mot fjorden, til Knuten, steinkonstruksjonen der vegen kryssar seg sjølv, og opp dei grøne bakkane til fjellgarden Vesterås, som har ei praktfull utsikt over fjord og fjell.

Når du har funne roa her oppe blant sau, geit og lama, går turen vidare ned i det travle bygdesenteret i Geiranger, utover langsmed fjorden og opp dei elleve hårnålssvingane på Ørnevegen mot utsiktspunktet Ørnesvingen. Her kan du nyte ei storslått utsikt mot fjorden og Dei sju systrene.

Start og stopp:
Sentrum

Turen varer:
2 timar

Pris:
1500 kr

Køyrerute for turen

På kartet ser du kvar ferda går. GPS-guiden vår i bilen fortel om dei avmerkte høgdepunkta på turen – men sjølvsagt også om mykje anna spennande.