Det er trygt og enkelt å køyre dei spreke el-bilane vi har i flåten vår.
Vi gir deg den opplæringa du treng, før du legg ut på tur.
Ingen CO2-utslepp, berre rein moro!

Renault Twizy

Vi har 24 spreke Renault Twizy i bilflåten vår. Renault kallar Twizyen for ein «urban tosetar», men han er som skapt for det ville fjellområdet vårt!

Twizyen er perfekt for store opplevingar på smale vegar og (nesten) utilgjengelege stader – og dette har vi mykje av i Geiranger-området. Den opne kupeen gir deg vind i håret og friske nær-naturen-opplevingar. Sidan bilen er spesiell med to sitjeplassar etter kvarandre, er han heilt perfekt for å dele naturinntrykka med ein god venn.

Bilen er 100 prosent elektrisk, med batteri som har kraft nok til å ta deg med på rutene vi har laga for deg. Han er lett å køyre, tek liten plass og er lett å parkere. Han er også hundre prosent trygg, med trepunkts sikkerheitsbelte og airbag.

Du får garantert ei annleis oppleving i denne farkosten som verken er bil eller motorsykkel.

Den spreke og einståande farkosten kjem seg også fram der store bilar og bussar ikkje får tilgang – det er verd eit smil, det òg!

Twizy: 2 sitjeplassar

Drivstoff: 100% elektrisk

Førarkort: for personbil

Maksfart: 80 km/t